Logg inn

Logg inn med ditt passord for å redigere hjemmesiden!

Skriv inn epostadressen din (må være den som er registrert på Mekke), og trykk på "Send meg passord" for å bli tilsendt nytt passord på epost.

Hopp til innhold

Hos oss finn du noko for einkver smak - og for einkver anledning!

I bildegalleria under finn du eit utval til inspirasjon, men full oversikt får du hvis du kjem innom oss - eller tek ein telefon!

Brød og anna gjærbakst

Me bakar dagleg over 10 ulike typar brød, deriblant spesialiteten vår Sirdalsbrødet. Me bakar óg mykje søtbakst. Mellom anna skoleboller, kanelboller, vanlige boller (med og uten rosiner), tolvøres, prinsesseboller, tebrød, wienerbrød, kringler, fruktsnittar og jødekaker. Og når sesongen er der, finn du sjølvsagt smultringar, berlinarboller, kransekaker, julekaker og anna i disken. 


Kaker

Me leverer alle mulige typer kaker, f.eks. marsipankaker, fløtekaker, sjokoladekaker, marengskaker osv. Bestill gjerne kaker hos oss til bryllup, konfrimasjon, dåp, bursdag, begravelse og andre markeringer. Spesialkaker må bestillast seinast to veker på førehand. 

Ta ein titt på bildene under, og ring oss for ein prat om korleis me kan lage ei kake slik du vil ha ho!


Smørbrød

Kva dag finn du påsmurte horn, frokostbrød og rundtstykker. 

Me lagar óg smørbrød på bestilling og gir rabatt ved bestilling over 100 stk.


Glutenfritt

Me bakar ikkje glutenfritt sjølv, men tek inn brød, baguetter og liknande frå Gjestalveien Conditori AS i Sandnes.


I tillegg til eigne produkt forhandlar me óg eit lite utval frå desse leverandørane:

RICE (Interiør og kjøkken)
BLAFRE (Matbokser og drikkeflasker)
CACAS (Kakepynt, konditorfarger, muffinsformer, kakefigurer)
PUKKA (Økologisk te)

Del denne siden med andre!

Share on FacebookShare on Twitter

Logg inn